Beritanna’s Weblog

diskusjon av læreplanar

april 6, 2008 · Éin kommentar

 

 

 

Oppgåvetekst: ”Skriv en tekst om læreplanene 1964, 1974, R97 og Kunnskapsløftet. Hvilket læringssyn leser du ut av disse? Hva er fagets legitimering og språklæringssyn? Hva legger du spesielt merke til?”

 

Legitimering av faget

Gunn Imsen skriv om didaktikk at den i all hovudsak dreiar seg om tre grunnspørsmål: ”Undervisningens hva, hvordan og hvorfor” (Imsen 1997:29). Legitimering av faget høyrer inn under det siste punktet. Under lesinga av dei fire læreplanane er det påfallande i kva grad plassen via ’hvorfor’-delen av faget har auka reint kvantitativt. Dette er eit klart teikn på at dette emnet har fått stadig større relevans innan faget. I planen for 1964 (som i tillegg vert kalla leseplan) vert målet med faget bestemt på fire linjer, og etter det eg kan sjå er det ikkje eit einaste punkt om kvifor ein skal lære seg språket: ”Målet for undervisningen i fransk er at eksaminandene skal ha tilegnet seg en sikker og god uttale, ferdighet i å lese og forstå lettere fransk både i tale og skrift, noen ferdighet i å bruke språket muntlig og ha noe kjennskap til fransk natur, kultur og samfunnsliv” (Leseplan for fransk 1964:1[1]).

 

I Mønsterplanen frå 1974 vert lagt noko meir vekt på legitimering, men heller ikkje her blir det tillagt stor vekt:

 

”Undervisninga i det andre framandspråket skal ta sikte på

-å gje elevane praktisk oppøving i språket, som kan gjere det lettare for dei å få kontakt, munnleg og skriftleg,

-å leggje eit så godt grunnlag som mogeleg for vidare opplæring i faget,

-å byggje opp ei slik innstilling til språket at elevane får interesse for å lære meir og lyst til å bruke språket” (Mønsterplan for grunnskulen 1974:313).

 

I Reform 97 fins eit eige punkt som heiter ”Hvorfor lære flere fremmedspråk”. Her kan vi blant anna lese at:

 

”Økt internasjonalisering gjør det nødvendig å ha kjennskap til andre fremmedspråk enn engelsk for å kunne mestre utfordringer som samfunnet stiller. (…)Ved å ha kjennskap til flere språkområder, få større utbytte av studier, yrkesliv og fritid (…). Kunnskaper i fremmedspråk er en viktig del av allmenndanningen. Et av målene for språkopplæring er å skape glede, interesse og motivasjon for livslang læring” (punkt 1.1[2]).

 

 

Læreplanen for Kunnskapsløftet startar friskt med å hevde at ”Språk åpner dører. Når vi lærer andre språk, får vi mulighet til å komme i kontakt med andre mennesker og kulturer, og dette kan øke vår forståelse for hvordan mennesker lever og tenker” (Kunnskapsdepartementet 2006:101). Vidare vert det lagt vekt på at språkkompetanse

 

”(…) gir mulighet for deltakelse i internasjonale sammenhenger og bidrar til å gi et mer nyansert bilde av internasjonale prosesser og hendelser. (…) Kommunikative ferdigheter og kulturell innsikt kan fremme økt samhandling, forståelse og respekt mellom mennesker med ulik kulturbakgrunn” (ibid.)

 

Vi kan altså sjå ein del felles trekk med måten dei to siste læreplanane legitimerer faget på. Dei tendensane som er synlege i Reform 97-planen er blitt forsterka i Kunnskapsløftet, der er fokuset på kulturell kompetanse som forutsetnad for demokrati og interkulturell respekt er enda sterkare uttalt. I begge planane er danning nemnt som argument for kvifor framandspråklæring er verdifullt, og begge karakteriserer framandspråk som kjelde til personleg vekst og glede.

 

Årsakene til at det er blitt større fokus på faglegitimering er komplekse. Dels kan det vere eit uttrykk for tidsanda, vi lever i ei tid med store omveltingar der det blir stilt kritiske spørsmål til mange av dei tradisjonelle vitskapane og båsinndelingane av desse. Dette er for omfattande å gå innpå her, men det kan vel seiast å vere ein del av det postmoderne oppgjeret med dei tradisjonelle måtane å organisere fag og vitskap på. Ein anna tanke kan vere den stadig aukande dominansen engelsk får- både i forhold til vårt eige morsmål og andre framandspråk. Kanskje svekkar dette motivasjonen for å bruke tid og krefter på andre meir marginale språk?

 

Lærings- og kunnskapssyn

Skaalvik og Skaalvik skriv om ordet opplæring at det reflekterer ”(…) et syn på læring i skolen som går ut på at skolen skal ’tilføre’ elevene kunnskap og kompetanse. Samtidig viser det et syn på kunnskap som noe objektivt som kan formidles eller overføres fra en person til en annen” (Skaalvik og Skaalvik 2005:18). Dette er eit tradisjonelt syn på læring og kunnskap og er i følgje forfattarane så utbreidd at ein ofte ikkje reagerer på det. Dei refererer vidare til sosiokulturelle og kognitive syn på læring, som ser på kunnskap som noko som vert konstruert om og om igjen og som er i stadig endring.

 

Ser vi på dei fire læreplanane eg tar for meg i denne oppgåva kan ein sjå ei utvikling i synet på kunnskap og læring. Sjølv om desse emna ikkje er diskutert direkte i planane, kan ein utifrå dei ulike prioriteringane som er gjort lese ut eit overordna syn på læring. Læreplanane frå 1964 og 1974 er svært konkrete når det gjeld å definere kva som skal gjennomgåast og kva elevane skal kunne etter endt kurs[3]. Spesifikke sidetal og konkret arbeidsstoff vert nemnt, i 1974-planen er det til og med vedlagt ei vokabularliste som elevene må lære seg. Ordet ’innprenting’ vert brukt i 1974-planen, idag har dette ordet ein reaksjonær klang, og kanskje oppfatta som ein levning frå den ’gamle skulen’. Metodane ein skulle bruke er også detaljert skildra.

 

I sosiolkulturelle teoriar står elevaktivitet og prosjektarbeid sentralt. Prosjektarbeid er eit av momenta Reform 97 og Kunnskapsløftet anbefaler at vert gjennomført, og arbeidet skal helst vere tverrfagleg. Dette er også eit nyare og meir moderne syn på kunnskap og læring, ein ser faget i samanheng med andre fag, og ser på synergi-effektane av å arbeide på tvers av fag. Dette kan vi også sjå av kva som vert rekna som målet med faget, der det blir lagt meir vekt på den samfunnsfaglege biten ved faget, som her i Reform 97:

 

2.1 Felles mål for 2. og 3. fremmedspråk (B-/C-språk)

  • kunne forbedre eget språk ved hjelp av språket som system.
  • Kunne formidle sider ved egen kulturbakgrunn og kunne forstå og vise respekt for andre kulturer og mennesker.
  • Vise en atferd som fremmer likestilling[4]

 

 

I dei to siste læreplanane vert det også påpeikt at framandspråklæring kan fremje forståing for eigen kulturbakgrunn. Dette skriv også Karen Risager: ”En viktig udviklingstendens er, at sprogundervisningen bevæger sig i en interkulturel retning, sådan at man er blevet mere bevidst om, at eleverne gennem beskæftigelsen med det fremmede kan blive mere opmærksom på deres egen kultur (…)” (Risager 1996:21). I Kunnskapsløftet er i tillegg faget delt inn i tre hovuddelar: språklæring, kommunikasjon og språk, kultur og samfunn. Kjennskap til kultur har altså gått frå å vere eit aspekt ein skal ha ’noe kjennskap’ til til å bli ein hovuddel av faget.

 

I læreplanane for 1964 og 1974 kan ein sjå tendensar til eit språklæringssyn som har eit steg-for-steg eller ’byggeklossidé’ som ideal: ”Innprenting av lærestoff ein har arbeidd med tidlegare, presentasjon av nytt stoff og innøving av dette er så viktige ledd i undervisninga at storparten av tida må viast til dette arbeidet” (Mønsterplan for grunnskolen 1974). Vidare frårår dei direkte høgtlesing av ’ikkje-innlært språkstoff’. Følgjande ytring vitnar også om eit steg-for-steg syn på korleis språket skal lærast: ”En legger særlig vekt på uttaleøvinger, først de enkelte lyd, senere ordsammenheng og til slutt enkle setninger” (Leseplan for fransk 1964:5). Slike detaljorienterte pålegg finn ein ikkje i dei nyare reformane.

 

I Reform 97 er det eit eige punkt om språklæring: ”Under arbeid med å opparbeide fremmedspråklig kompetanse kan man ikke skille ut emner og legge dem til side. Utviklingen av fremmedspråklig kompetanse kan derfor betraktes som en stadig oppadgående spiral, der det man lærer på ett trinn videreutvikles på neste trinn” (punkt 1.5[5]). Det kan virke som om synet på språklæring har endra seg, i staden for eit sterkt fokus på systematisk grammatikklæring og meir rigide arbeidsformer er det eit meir heilheitleg syn på språket som viser seg.

 

Oppsummering

I staden for ein detaljert oppramsing av kva elevane må kunne etter endt kurs slik ein såg i Mønsterplanen frå 1974, ser ein i Kunnskapsløftet at tilrådingane tar form at ei skildring av grunnleggande ferdigheiter. Kontrasten er stor frå vokabularlista som er vedlagt M74 til denne meir generelle beskrivinga av kompetansemåla, men det er ikkje dermed sagt at dei siste er mindre krevande å gjennomføre. Det kan virke som om læraren er blitt gitt meir tillit i den siste læreplanen- i M74 kunne det sjå ut som om utformarane ikkje tiltrudde lærarane evna til å vurdere sjølv. På den andre sida kan Kunnskapsløftet, særleg for nye lærarar, framstå som vel vag. Trass i den litt rigide forma på dei eldre læreplanane går det faktisk an å få ein del nyttige tips!

 

 

 

Kjelder:

 

Litteratur:

 

Aschehoug: Mønsterplan for grunnskolen (1974) [6].

Imsen, Gunn (1997): Lærerens verden. Oslo: Tano Aschehoug.

Risager, Karen (1996): ”Hænger sprog og kultur nu også sammen?”. I Sprogforum. Særnummer. København: Danmarks Pædagogiske Universitets Forlag. Henta frå PPU Felles språkdidaktikk-kopisamling, våren 2007, Det historisk-filosofiske fakultet, Universitetet i Bergen.     

Undervisningsplanane for realskolen og gymnaset etter lov av 12. juni 1964.

Utdanningsdirektoratet: Læreplanverket for Kunnskapsløftet (2006). Kunnskapsdepartementet

 

Internett:

http://www.utdanningsdirektoratet.no/upload/lareplaner/Felles%20fag/lareplan_bc_sprak.rtf  (17.09.07)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



[1] Sidetal manglar i dokumentet eg har kopiert, men eg kallar første side i franskplanen for side 1.

[2] http://www.utdanningsdirektoratet.no/upload/lareplaner/Felles%20fag/lareplan_bc_sprak.rtf

[3] Det er også verdt å nemne at framandspråka har eigne læreplanar i 1964 og -74, tysk og fransk. I Reform 97 og Kunnskapsløftet er læreplanane for dei ulike ’framandspråk 2’ slått saman.

[4] http://www.utdanningsdirektoratet.no/upload/lareplaner/Felles%20fag/lareplan_bc_sprak.rtf

 

[5] http://www.utdanningsdirektoratet.no/upload/lareplaner/Felles%20fag/lareplan_bc_sprak.rtf

[6] Eg visste ikkje korleis eg skulle refere korrekt til desse læreplanane.

Kategoriar: Uncategorized